Gå til produktinformasjon

Detaljer

Når produsent skriver det så fint på sin egen dialekt lar vi teksten være uberørt.

Her er Symre's egen presentasjon av produktet:

"Symre ansiktskrem er ein frisk og oppkvikkande ansiktskrem med nydeleg aroma av appelsin. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også ryllik hausta i utmark på eigen gard. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane effekt på huda. Eterisk olje av appelsin har rensande og oppfriskande eigenskapar, og har ein frisk og oppløftande aroma. Naturleg og trygg hudpleie, laga på ein liten vestlandsgard!

Denne ansiktskremen passar for alle hudtyper, og kan brukast både som dag- og nattkrem. Og me har fått tilbakemelding om at ansiktskremane er veldig gode som underlag til sminke. Kremen er veldig dryg i bruk – smør på veldig lite om gongen.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg, tistelolje, uttrekk av villhausta ryllik, eterisk olje av appelsin. Alle kremene våre er registrert etter norsk lov, og har sikkerheitsrapport.)"

 60 ml