Gå til produktinformasjon

Detaljer

Når produsent skriver det så fint på sin egen dialekt lar vi teksten være uberørt.

Her er Symre's egen presentasjon av produktet:

"Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå vår eigen økologiske marknadshage her på garden. Leppepomaden gir næring til leppene og ein frisk gloss.

Symre leppepomade med appelsin og raudbet er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning, raudbet, eterisk olje av appelsin. Alle våre kremar er registrert etter norsk lov og har sikkerheitsrapport).