Kurven din er tom
Har du allerede en konto? Logg Inn for å sjekke ut raskere.
Fri frakt over 1300,- | Rask levering | Betal med Klarna, Vipps eller kort
Har du allerede en konto? Logg Inn for å sjekke ut raskere.
Her er hva Symre skriver om seg selv:
"Symre hudkrem er laga av to systrer på ein vakker vestlandsgard – pakt med natur og økosystem. Me har grasfôra storfe av den lokale og bevaringsverdige gamalrasen Vestlandsk fjordfe, og garden vert drive etter økologiske og regenerative prinsipp. Det vil sei at me ikkje nyttar sprøytemiddel og at me arbeider aktivt for å ta vare på økosystem og eit rikt jordliv.
Me arbeider i takt med årstidene og med utgangspunkt i det garden har å by på. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret frå hovud til hale, så lagar me hudkrem av talget. Dyra våre går fritt ute på inn- og utmarksbeite store deler av året. Inne går dei fritt rundt i lausdrift og har tilgang på luftegard. Kalv og mor får vera saman. Me vil drive eit framtidsretta jordbruk på lag med klima og miljø.
Å lage hudpleie av talg er ein tradisjon som går mange hundre år tilbake i tid. Det er ein gløymt skatt i vår tid – ein ressurs me må ta vare på!
Talg av grasfôra storfe har særs lik feittsyreprofil som huda vær. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng.
I tillegg til talg inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar. Meir treng ein ikkje, og slik er det enkelt å vite kva du smører på huda di. Me haustar plantar som ryllik, raudkløver, løvetann, groblad og mynte frå inn- og utmark. I tillegg til nøye utvalde økologiske oljer av høg kvalitet.
Alle hudkremane våre er handlaga av oss, og dei er sertifisert gjennom merkevareordninga Norwegian Made. Når du kjøper eit produkt merka med Norwegian Made støttar du bærekraftig, grøn og etisk produksjon. Du kjøper noko som er laga for å vare, som er laga med kjærleik.
Hudkremane våre er også registrerte etter norsk lov og godkjente sikkerheitsrapportar. Slik kan du vera heilt trygg på det du kjøper.
Som vår kunde støttar du eit framtidsretta jordbruk basert på god dyrevelferd og til det beste for miljø og klima. Du støttar produksjon av handlaga, ærlige og lokale varer og kvinnelege småskalaprodusentar."