Gå til produktinformasjon

Naturleg solkrem med fysisk solfilter som beskytter mot UVA- og UVB-strålar. Solkremen har SPF 30. Me brukar dei naturlege solfiltera Sinkoksid NON-NANO og Titandioksid NON-NANO. Fysiske solfilter virkar ved å legge ei hinne på huda, som reflekterer og sprer UV-strålane og dermed beskytter huda.

Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for personar med allergi / sensitiv hud. Og denne solkremen inneheld ingen parfyme eller eteriske oljer.

Solkremen inneheld i tillegg ei rekke gode oljer som bidreg til å gi næring og regenerere huda:

💛 Ringblomstolje kan virke regenererande og helande, og lindrar solforbrenning.

💛 Jojobaolje beskyttar og gjenoppbygger hudbarrieren, har antibakterielle og antiinfammatoriske eigenskaper og inneheld i tillegg naturleg solbeskyttelse.

💛 Hvetekimolje er veldig næringsrik olje med høyt innhold av E-vitamin.

💛 Uttrekk av nesle. Nesle inneheld mykje silisium som eit viktig mineral for huda, og kan ha god effekt på eksem og irritert hud.

💛 Gulrotfrøolje er ei naturleg frøolje, full av antioksidantar og essensielle feittsyrer.

💛 Talg er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K

💛 Bivoks har vannfast effekt som hjelper solkremen med å halde lenger, også etter bading. Beskytter huda mot dehydrering. Bivoks har ein antiinflammatorisk effekt, beroligar irritert hud og motvirkar kløe. Passer til alle hudtypar, og tettar ikkje porer. Bivoks har eit naturleg innhald av antioksidanter som beskytter huda mot frie radikaler frå forurensing og UV-stråling.

 

BESKYTTELSE OG BRUK: SPF 30. Rist flaska godt før bruk. Smør deg 1 gong i timen for optimal beskyttelse. Bruk ei handfull med krem til heile kroppen for å få beskyttelse tilsvarane SPF på produktet. 

ADVARSEL: Merk at solkrem aleine aldri gir full (100 prosent) beskyttelse mot UVA og UVB. Hald deg vekke frå sola når den er på det sterkaste, dekk deg til med klede som beskyttelse.

INCI: Prunus Amygdalus Dulcis+Calendula Officinalis, Zink Oxide NON-NANO, Triticum vulgare Germ Oil, Urtica Dioica Leaf Extract, Titanium Dioxide NON-NANO, Alumina, Capryllic/Caric Triglyceride, Polyhydroxystearic Acid, Stearic Acid, Daucus Carota Sativa Seed Oil, Tallow, Simmondsia Chinensis, Cera Alba

INNHALD PÅ NORSK: Ringblomstolje*, sinkoksid NON-NANO, hvetekimolje, uttrekk av brennesle*, titandioksid NON-NANO, gulrotolje, talg*, jojobaolje*, bivoks (* økologiske ingrediensar)

HALDBARHEIT: Minimum 12 mnd etter at flaska er opna, men som regel held solkremen seg veldig mykje lenger. Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Solkremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport. 

50 ML