Gå til produktinformasjon

Detaljer

Rein Hudpleie er en liten bedrift på Vestlandet som produserer fersk kosmetikk av naturlige ingredienser. 

 

Produsentens beskrivelse av produktene:
"

Eit næringsrikt serum for huda rundt augene.

Inneheld 10 ml, kjem i glasflaske med pipette.

Serumet er nøye samansett av oljer som er gunstige for huda rundt augene, og som motverkar hudas aldring og rynkeutvikling. Bruk omlag ei dråpe rundt kvar auge på kvelden.

Serumet inneheld: hampfrøolje*, arganolje*, jojobaolje*, nypefrøolje*, nattlysolje*, granateplefrøolje*, squalane,  arnikaektrakt, eterisk olje av lavendel*, muskatellsalvie*, geranium*, ylang-ylang* og blå kamille* *= frå økologisk landbruk.

Økologisk nypefrøolje: ei olje med fantastisk legande eigenskapar, pakka med næringstoff og vitaminer som stimulerer cellfornying og bygger opp kollagennivået i huda. Motverkar aldringsteikn, og bygger opp hudas elastisitet. Er også kjend for å motverke pigmentflekkar og å gi glød til huda. 

Økologisk arganolje: arganolje er kjend for at den er suveren for tørr hud, men også for eigenskapar som glatter ut rynker. Den proteinrike olja vernar huda rundt augene, og bygger opp hudas elastisitet. Den har helande eigenskapar, og passar til alle hudtypar. 

Økologisk granateplefrøolje: rikt på antioksidanter, og er svært fuktgjevande. Skal glatte ut linjer i huda, og bygger opp hudas elastisitet. Ei svært god olje for moden hud.  

Økologisk jojobaolje: denne olja liknar hudas eige feittstoff, og trenger godt inn i huda. Gunstig for akne, urein hud, moden hud og eksem.

Økologisk nattlysolje:  frisker opp sliten hud, og er godt eigna for bruk på huda rundt augene. Motverkar raudheit, oh skal glatte ut rynker. 

Økologisk arnikaekstrakt: motverkar mørke ringar under augene, og aukar blodgjennomstrømminga i huda.